Landslovsseminaret

I 2024 er det 750 år sidan Landslova av 1274 vart gjeven. Den var éi av bare fire riksdekkjande lovbøker i europeisk høgmellomalder, fekk ei levetid på 400 år, og var viktig både for samfunnsendring og for politikken i skiftande unionar. 

I dette seminaret i Målstova på Nasjonalbiblioteket vil 16 forskarar frå ni ulike universitet presentera si forsking på Landslova 10. november kl. 10-17 og 11. november kl. 09-16. 

Det vert servert lunsj. Arrangementet er gratis.

Seminaret vert organisert av CAS-prosjektet Social Governance Through Legislation.